Under pandemivåren 2021, og nedstenginga, vart Sveinung Bjelland kontakta av presten i Ølen kyrkje. Ho ytra ynskje om å gje ut ein musikkvideo, som eit tillegg til dei digitale gudstenestene. Bjelland tok oppfordringa, samla saman eit mannskap og spelte inn songen «Han tek ikkje glansen av livet». Resten er historie. Den har pr. dags dato 18 tusen visningar på YouTube.

Konsertar:
Konsertane innheld ei blanding av gamle amerikanske folkesongar, norske salmer og Bjelland sine eigne viser. Pluss nokon røvarhistoriar.

Sveinung J. Bjelland: Vokal og akk. gitar
Arnt Ove Kvernenes: Munnspel
Jon Ørnes: Dobro, banjo, akk. gitar
Dagny Christophersen: Vokal og perkusjon
Anders Lunde: Kontrabass